...

ELEVFLOKKEN VÅR I ÅR.

  

IMG_4769.JPG  

Tysdag 28. september kl 19-21 ønskjer me foreldra velkomne til foreldremøte. Nærare program kjem på e-post.

  

ME ØNSKJER ALLE EIT GODT OG LÆRERIKT SKULEÅR!

  

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

 
 

    

 


1. juni hadde me utedag, med skoghogst, flaskeinnsamling,
søppelplukking og fiksing av gjerde og port.

 
 

Veret viste seg frå si beste side, og me fekk rydda skog og greiner rundt Dalatun. Vidar hadde med motorsag og Daniel fiksa porten og gjerdet. 1.-4. klasse fann fleire sekkar med søppel rundt skulen og panta flasker for til saman 56 kroner. Pengane skal det snopast for når dei store er på mostraspeltur på fredag...

5. og 6. klasse laga pinnebrøddeig til pølsegrillinga, dermed var utelunsjen og sikra. Vilhelm hadde laga natursti, - og det beste laget vann..

 utedag 1. juni 024.jpg   utedag 1. juni 030.jpg 
utedag 1. juni 029.jpg  utedag 1. juni 035.jpg 
  utedag 1. juni 039.jpg   utedag 1. juni 028.jpg 
    

  

Ein fin vårdag på KKS 

 
 
 VÃ¥rdag 2010 001.jpg 

VÃ¥rdag 2010 005.jpg 

 Rebeka har fått tandemsykkel!  Tauhopping er kjekt, iallfall med to tau!
 VÃ¥rdag 2010 007.jpg   VÃ¥rdag 2010.jpg 
 Dei minste var ute i vårlufta  medan andre gjorde lekser...


 

10. plass på skistafetten mellom barneskulane i Kvam er me godt nøgde med!

Irene, Nirina og Soa Lena representerte KKS, og sikra oss ein god 10. plass. 14 lag stilte i jenteklassen og 19 i gute-/ miksklassen.

Me skal liggje i hardtrening til neste år, og reknar med å nå medaljeplass då!
 

Irene.jpg 

 

LEKSEHJELP PÅ Kvam kristne skule

Alle på 5. - 10. trinn får vere med på leksehjelp på skulen. Det er lærarar som står for hjelpa, tre dagar i veka frå klokka 1415-1545.

Frå hausten planlegg me å leggje inn leksetid for alle i løpet av skuledagen, slik at dei fleste er ferdige med det meste av leksa før dei reiser heim. Me vil bruke lærarane som leksehjelper då og.

 
 

 FJØSSTELL, KALVEFØDSEL OG EGGEPRODUKSJON

 
 
Klappe kyr.jpg  eggeproduksjon1.jpg 
 

Fredag før vinterferien hadde me eit flott gardsdagsbesøk hos Jan Roy og Kari Britt Eide i Tørvikbygd. Me fekk vere med på fjøsstell med blant anna mjølking og fóring. Det største denne dagen for dei fleste var å vere med på kalvefødsel. Ei ku var 8 dagar på overtid, og fødde ein stor kalv medan heile KKS var vitne. Du kan sjå og lese meir om gardsbesøket om du går inn på denne lenka.

KKS_ute_1.jpg 

 

Me kosar oss i snøen! Kaldt, men godt! 

Det er ein lang og god akebakke som elevane kosar seg i. Seinare i vinter skal me ha meir snøaktivitetar, skidag på Kvamskogen og Sjusete, og skiøkter i gymtimane for dei store på Sjusete. Sjå fleire vinterbilete ved å klikke på denne lenka.

  

Har du lyst å prøve KKS?

kontakt rektor for meir informasjon

Snødag 003.jpg

  Snødag 2. februar 007.jpg

  Snødag 2. februar 005.jpg

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Kvam Kristne Skule leiger no heile Dalatun til skulelokale. Hausten 09 fekk me og leige barnehagelokala som Steinsdalen barnehage hadde.  Her har me pussa opp og innreia med nytt, stort klasserom for dei minste, mediatek og formingsrom samt kontor for rektor og lærarane.  I tillegg disponerer me heile utearealet rundt Dalatun - her er gode leikeforhold både for store og små.

Dersom du kunne tenkja deg å sjå korleis me har det, er du hjarteleg velkomen innom ein tur. Me inviterer alle som vil på prøveskule, ein dag eller fleire. Kontakt rektor Brit Gjerde Voster på tlf. 906 00 946 eller e-post: britgjerdev@hotmail.com 

   
 













...
Kvam Kristne Skule
Dalatunveien 136
5600 Norheimsund


Telefon: 56 56 46 50

E-post: post@kks.as